Verdscupsavslutninga i Holmenkollen:

Klar for å ta ytterlegare steg på jaktstarten

Tarjei klar for nytt renn etter ein lett joggetur på føremiddagen.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

HOLMENKOLLEN: Då Fjordingen møtte Tarjei Bø ved utøvarhotellet ved Holmenkollen laurdag føremiddag, var det ein stryning i godt humør og med god tru på dagens jaktstart.

Bø leverte årsbeste fredag med 6. plass og satsar no på eit godt resultat i dagens løp slik at også fellesstarten søndag er i boks.

- Med godt løp i dag burde eg vere kvalifisert som ein av dei fem i tillegg til dei med utgangspunkt i verdscupsamandraget, seier Tarjei.

Han går ut 28 sekund bak gårsdagens vinnar, veslebror Johannes.