- Endå betre forhold i dag

Anders Fannemel på veg til prøveomgang i Vikersund.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

VIKERSUND: Ein konsentrert Anders Fannemel på veg til heisen til hopptårnet, tok seg tid til ein kjapp prat med Fjordingen. Han innrømma at det kribla godt i føtene i går, med gode forhold og nye verdsrekordar, men sjølv måtte han stå på tilskodarplass.

- Men det ser ut til å vere endå betre forhold i dag, gliste han, og trakka vidare til prøveomgang i Vikersund. Rennet er det siste i Raw Air turneringa.