Mange førelegg i kontroll i Olden

Illustrasjonsbilde 

Nyhende

UP har onsdag hatt kontroll i 60-sona i Olden. Det resulterte i 12 forenkla førelegg grunna for høg fart. Høgste hastigheit vart målt til 79 km/t.

Den eine føraren hadde førerkortet på prøve. Vedkomande hadde prikkar frå før og fekk for mange prikkar grunna fartsoverskridinga, og førarkortet vart dermed beslaglagt, melder politiet.

To førarar fekk forenkla førelegg på grunn av mobilbruk. Ein førar fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte.