Ny snuoperasjon av Stryn

Til venstre i bildet ser vi Mads Wie gi Marius Rauset ein skikkeleg bamseklem etter sigersmålet mot Bremanger.  

Nyhende

Det såg lenge mørkt ut for heimelaget i kampen mot Bremanger laurdag. Trass eit stort overtak spelemessig låg Stryn under med to mål til pause. Første målet til Bremanger kom på straffe, medan det andre målet kom som følge av ei trasig misforståing mellom keeper og ein forsvarsspelar. Det som var meint som eit tilbakespel vart i staden ei heading over keeper Jens August G. Muri, og det var berre for Bremanger sin angrepsspelar å styre ballen inn den siste meteren.

Stillinga 0-2 stod seg til halvvegs ut i andre omgang. Men då var det heimelaget sin tur til å legge ballen på straffemerket. Mads Wie ekspederte den på meisterleg vis. Eit kvarter seinare var det igjen Wie som skapte jubel på Stryn stadion. Han fekk ein retur ute ved 16-meteren som han la klint inn til høgre stolperot. 2-2.

Petter Hammer ropte på stillinga 1-2 til Bremanger: "Det er ti minuntt att, vi skal ha to mål til". Underteikna tvilar på at det var mange av dei omlag hundre publikummarane som hadde trua på at den oppfordringa skulle bli verkeleg. Men i siste speleminutt fekk Stryn eit frispark ute ved omlag 20 meter. Ungguten Marius Rauset vart tildelt oppgåva å gjere det beste ut av den siste sjansen i kampen. Den løyste han på beste vis, og etter jubelscenene stod det berre att for Bremanger å ta avsparket før dommaren bles i fløyta.