Einaste ubåt av sitt slag i Norge:

Investerte i unik ubåt

O.E Hagen AS Dykkerfirma i Stryn har investert 10 millionar kroner i ein ubåt som det finst berre tre av i verda.

Vellukka Under første oppdrag med ROV’en i Rana Kraftverk, sette ubåten ny, uoffisiell norsk rekord med 3.265 meter med tunnellinspeksjon. (f.v.) Dagleg leiar Olav Erik Hagen med sine tilsette Hans Erik Brodshaug (bak) Sigbjørn Hagen, Knut Endre Berntsen, Tore Vie og Jens Helgheim. Vidare Theo Lindholm og Erik Digerud frå samarbeidspartnaren Norconsult.  Foto: Privat

Nyhende

Den ubemanna ubåten, eller ROV’en (remotely operating underwater vehicle) er laga av Sperre AS på Notodden og har ein prislapp på mellom åtte og ni millionar kroner. Den samansetjinga av utstyr som denne ubåten har, er det berre to andre ROV’ar i verda som skal kunne matche. Den kan nemleg gjere innvendige inspeksjonar av vasskrafttunnelar opptil seks kilometer.