På pallen under O-festivalen

På pallen:3. plass til Isak Bergset i h21 elite under O-festivalen.  Foto: Privat

Nyhende

Isak Bergset tok 3. plass i klasse H21  Elite under O-festivalen søndag.

O-festivalen, Norsk Orienteringsfestival, er landets største orienteringsarrangement.

Isak Bergset frå Fjelli, som representerer NTNUI, tok 3. plassen i mellomdistanse bak Paul Sirum og Yngve Skogstad, begge Frol IL.

Bergset kunne totalt notere seg for topp 10-plasseringar i alle tre distansane under O-festivalen.

På langdistanse laurdag vart det 7. plass, då gjekk sigeren til Thomas Natvig Hårstad frå Halden SK. På sprinten vart det 9. plass til Isak Bergset, då var det lagkamerat Jon Aukrust Osmoen frå NTNUI som gjekk av med sigeren.