Nye vekstplanar for Riccovero

Opnar ny butikk i Bergen

Vekst: – Vi ønskjer forsiktig vekst att, seier dagleg leiar Sverre M. Haugen i Riccovero.  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Etter at oljeprisen stupte i 2014, la klesverksemda Riccovero i Stryn planane om butikketablering i Stavanger på is. No er det nye vekstplanar, skriv Nett.no.

I fjor vart planane tatt fram på ny, og i november var den første Riccovero-butikken i Stavanger eit faktum. I september opnar Riccovero endå ein butikk. Det blir den andre klesprodusenten har i Bergen.