Midlertidig bru i Utvik sentrum

Kriseløysing Inge Atle Myren i Preseis vegdrift AS (t.v.) og Lars Vinsrygg frå Vinsrygg Maskin i ferd med å førebu midlertidig bru i Utvik.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein førebur no ei midlertidig bru over Storelva i Utvik sentrum. Denne vil kunne takast i bruk onsdag dersom alt går etter planen.

Det er Vinsrygg Maskin og Presis vegdrift AS som står for dette førebuingsarbeidet samt midlertidig sikring av elva.

Brua består av to seksjonar på 22 meters lengde. Dette er ei kriseløysing, og nye brukar blir bygd på oppsida av den midlertidige brua.

- Vegen mellom Utvik og Tistam blir opna i løpet av dagen, seier Sjur Lauvdal i Statens vegvesen. Han opplyser at det framleis er ein del vatn i vegbana.