Næringslivet i Stryn er kraftig provosert, for ikkje å seie sinte, mot fylkeskommunen som dei meiner er ein altfor passiv vegeigar etter flaumskadane i Utvik. For kvar veke vegen er stengd for gjennomkøyring, misser reiseliv og næringsliv i regionen minst fem-seks millionar kroner i tapt omsetjing. Transportbedriftene må ut med anslagsvis ein halv million kroner ekstra pr veke fordi dei må køyre Lote-Anda som er lenger og dermed krev meir personell og bilar.

Onsdag kveld møttest fleire næringslivsleiarar frå indre Nordfjord i Olden. Her vart dei informerte av Svein Sunde i Gode Vegar AS, og sjølv drøfta dei alternative løysingar for å få vegen raskare opna.

– Næringslivet kvar for seg og samla sett blør så kraftig at vi ikkje kan sitje roleg og sjå på dette. Fylkeskommunen som vegeigar er alt for passive. No må ein prioritere handling og ha som mål å redusere eit dramatisk skadeomfang til å bli minst mulig. Vegen må opnast for gjennomkøyring, seier Richard Grov. Opning fire timar dagleg meiner dei er ei dårleg løysing. Henning Skogstad og Skogstad Sport merka ingen effekt av dette første dagen.

Svein Sunde orienterte om vurderingar frå vegvesen og fylkeskommune, og signal om at omkøyringsvegen gjennom Hage skulle bli asfaltert for å kunne ta trafikken. Då det vart sett på trafikk onsdag, var ikkje vegen asfaltert. Derimot var den allereie blitt holete.

Dermed gjorde næringslivsleiarane kort prosess. Dei fekk avtale med grunneigarane og bestilte asfaltlegging torsdag kveld, for eiga rekning.

– Kravet er gjennomkøyring gjennom Hage heile døgnet, også for større køyretøy. Så må fylkeskommunen ta politisk ansvar og leggje ei mellombels bru i svingane på fv 60 ved Hage, setje trafikk på denne og rive eksisterande bru for å byggje ny utan brupilarar. For desse fungerer som stengsel ved flaum, seier Richard Grov.

Fylkesordførar Jenny Følling seier fylkesutvalet skal få ei orientering om Utvik måndag, og deretter diskutere. – Eg forstår frustrasjonen og problema dette skaper for mange. Eg håpar vi kan få til ei løysing også for turistbussane, seier ho.

Veidekke gjekk i gang med asfaltering av vegen gjennom Hage torsdag kveld, etter avtale mellom grunneigarane og privat næringsliv i Stryn som betaler rekninga. Foto: Bengt Flaten
Veidekke brukte ikkje mange timane før den private grusvegen var forandla til asfaltveg. Foto: Bengt Flaten