Feil på tre av ni køyretøy

Illustrasjonsbilde   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Under ein storbilkontroll på Folven i Oppstryn på tysdag fann Statens vegvesen feil på tre køyretøy.

Det eine vogntoget hadde feil på bremsene, og måtte innom verkstad før det fekk køyre vidare. Den same bilen hadde og ei diesellekkasje som måtte fiksast. To andre køyretøy fekk skriftlege manglar som må ordnast opp i innan ein fastsett frist, melder Statens vegvesen.