- Håpar å få svar når det gjeld teknikken

Kenneth Gangnes og Anders Fannemel er på plass i franske Courchevel saman med resten av det norske laget. Her frå Wisla tidlegare i sommar. Arkivfoto: Tadeusz Mieczynski 

Nyhende

Anders Fannemel og kollegaene på det norske hopplandslaget er på plass i  franske Courchevel  og klare for Sommar Grand Prix.

Rennet går i 132 m-bakken i morgon, og Anders Fannemel er moderat optimist.

- Fysisk sett er formen ganske bra. Eg har trøbla litt med teknikken i det siste, men satsar jo på at den sitt når eg kjem igang med hoppinga her. Vi ska ha ei hoppøkt no etterpå, så då får eg litt meir svar på det, seier Fannemel til Fjordingen.

Norge stiller med Anders Fannemel, Andreas Stjernen, Halvor Egner Granerud, Kenneth Gangnes og Daniel André Tande.