Cruisehamna i Olden er nominert til den prestisjefylte prisen «Årets hamn» (Port of the year) 2017.

For ikkje mange vekene sidan vart Olden kåra til den femte beste cruisedestinasjonen i Skandinavia og Baltikum. Då var det cruiseturistane sjølve som stod for kåringa.

Denne gongen er det cruiserederia og cruisemagasin verda over som har nominert Olden. I finalen kjempar Olden mot Akureyri på Island og British Virgin Islands i Karibia i kategorien «Årets hamn».

– Fantastisk

Berre to gonger tidlegare har norske hamner blitt nominert til Seatrade Cruise Awards, Stavanger i 2010 i kategorien «Årets destinasjon», og Bergen i 2011 i kategorien «Årets hamn».

– Det er fantastisk at ei så lita hamn som Olden er blant topp tre på verdsbasis, og det i konkurranse med hamner som Barcelona, St. Petersburg, Chivitaveccia og mange fleire, seier driftsleiar ved Nordfjord Havn, Sølve Oldeide. Kven som stikk av med sigeren blir avgjort i Hamburg 6. september.

– Det vil vere gjevt om vi vinn, men berre det å vere nominert er utruleg verdifullt i seg sjølv både for hamna, Stryn kommune og Nordfjord, seier Oldeide, som ikkje er i tvil om at reklameverdien for området gjennom nominasjonen er betydeleg.

Skjult perle

– Mange i cruiseverda omtalar Olden som ei skjult perle, men at Bergen og Oslo har større namn internasjonalt. Utfordringa er å gjere Olden og området rundt endå meir kjent, seier Oldeide vidare.

– Vi vil utvikle hamna og tilbodet vidare slik at fem skip kan ankre opp på same tid, tre i Olden og to i Loen. Med alt det nærområdet har å by på, mellom anna Briksdalen, Kjenndalen, tenderkaia i Loen og Loen Skylift, aukar dette mulegheitene.

– Stor betydning

Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord er ikkje i tvil om at nominasjonen av Olden som «Årets hamn» har stor betydning.

– Dette set Olden og Nordfjord endå meir på kartet, også i marknadsføringssamanheng. Olden blir kalla «the gateway to the glaciers», og det finst over 30 cruiseutflukter frå Olden. Loen Skylift styrker også Olden som cruisedestinasjon.

Også Vik Hauge meiner at berre det å vere i finalen er stort, og at nominasjonen vil gje endå meir fokus på Olden som cruisedestinasjon.

– Konkurransen er hard, men Olden er blant dei beste når det kjem til tilbakemeldingar frå turistane, seier Sølve Oldeide, driftsleiar ved Nordfjord Havn. Foto: Thomas Thaule