1.450 førehandspåmelde til Skåla opp

Framleis håp om deltakarrekord

Med betre vêr i vente enn i fjor bør sjansane for deltakarrekord vere større. Her frå starten i fjor.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

1.451 var talet på førehandspåmelde deltakarar til Skåla opp, eitt døgn før starten går ved Tjugen laurdag morgon.

Av desse er 1.016 i konkurranseklassane. Her er taket nådd, så spenninga er om det er mange mosjonistar som bestemmer seg i tolvte time og bidreg til at deltakarrekorden på 1.935 blir slått.

Det er elles eit svært sterkt startfelt i konkurranseklassane i år, og såleis også tru på at nye løpsrekordar kan kome. Det vil bety 120.000 kroner på konto til den som måtte klare den bragda.

Av sterke utfordrarar til siger i kvinne- og herreklassen kan vi nemne dei lokale løparane Eli Anne Dvergsdal og Karoline Holsen Kyte, Anita Håkenstad Evertsen, Anna-Lena Stich (Tyskland), Anne Nevin, Annie Bersagel (USA), Antonella Confortola Wyatt (Italia), David Schneider (Sveits), Emelie Forsberg (Sverige), Fabian Alraun (Tyskland), Japhet Kipkorir (Kenya), Joan Freixa (Spania), Johan Bugge, Jonathan Wyatt (New Zealand), Laura Orgue (Spania), Lucia Philipp, May Britt Buer, Nejc Kuhar (Slovenia), Robbie Simpson (Skottland), Stian Angermund-Vik, Stian Øvergaard Aarvik, Thea Schneider-Lillehov og Øyvind Heiberg Sundby.

HER kan du lese ein omtale om førehandsfavorittane i dame- og herreklassane, skrive av Christian Prestegård på kondis.no.

Starten går klokka 10.00 laurdag for konkurranseklassen.