Norsk siger i både dame- og herreklassen:

Karoline (24) og Stian (31) vann Skåla Opp

I tet frå starten: Johan Bugge, Eidsvåg (318), Dan-Eric Archer, Sverige (445), vinnar av herreklassen Stian Angermund- Vik, (391), Robbie Simpson, Team Salamon, (307), Japhet Kipkorir, (507).  Foto: Inge Fænn

Karoline Holsen Kyte (til høgre) frå Førde vann kvinneklassen i Skåla Opp, her saman med Eli Anne Dvergsdal (6. plass) før starten.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Karoline Holsen Kyte (24) frå Førde utklassa konkurrentane sine då ho vann kvinneklassen med fire og eit halvt minutts margin i Skåla Opp laurdag.

- Det var utruleg stort å vinne i dag. Heilt fantastisk og uverkeleg å krysse mållinja først. Så det er vel den største opplevinga eg har hatt i motbakkeløp nokon gong, seier ein glad vinnar til Fjordingen.

Ho gjekk til topps med tida 1.22.39, medan Laura Orgue frå Spania kom på 2. plass (+4.29 bak) og Annie Bersagel frå USA tok tredjeplassen (+4.37)

Stian Angermund-Vik frå Varegg IL i Bergen vann som i fjor herreklassen. Den spreke 31-åringen sprang inn til klar siger med tida 1.10.10.

Robbie Simpson frå England tok 2. plassen med tida 1.11.36 (+1.26 bak), medan Øyvind H. Sundby frå IK Tjalve vart tredjemann totalt (+1.36 bak)


1.

Karoline Holsen Kyte, Førde

1.22.38

2.

Laura Orgue, Spania

1.27.07

3.

Annie Bersagel, USA

1.27.15

4.

Emelie Forsberg, Sverige

1.28.47

5.

May Britt Buer, Hovland

1.29.57

6.

Eli Anne Dvergsdal, Bergen

1.29.59

7.

Lucia Philipp, Tvedestrand

1.30.00

8.

Anne Nevin, Strindheim

1.30.24

9.

Anita Iversen Lilleskare, Bergen

1.32.00

10.

Antonella Confortola Wyatt, Italia

1.33.28




Herrer

1.

Stian Angermund-Vik

1.10.10

2.

Robbie Simpson, Skottland

1.11.36

3.

Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve

1.11.46

4.

Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, Varegg

1.15.09

5.

Jonathan Wyatt, New Zealand

1.15.50

6.

Joan Freixa, Spania

1.16.46

7.

Nejc Kuhar, Slovakia

1.17.40

8.

Fabian Alraun, Tyskland

1.19.36

9.

Johan Bugge, Eidsvåg

1.20.03

10.

Erling Hisdal, Tjalve

1.20.06


Alle resultat finn du her.