Fjordingen for 10 år sidan

Stryn i fotballmuseet

Samla i strynekroken Frå v. Bjørn Schelderup, Per Sætre, tidlegare landslagsspelar Arne Pedersen og Erik Dybedahl.   Foto: Ove Sveen

Nyhende

Stryn har fått ein framtredande plass som norsk rekrutteringsklubb i det nye fotballmuseet på Nye Fredrikstad stadion.

For ei god veke sidan var Per Sætre invitert til den offisielle opninga av fotballmuseet. Det var generalsekretær Karen Espelund som klipte snora ved ei gammal billettbod frå Østfold, flankert av folk frå Fredrikstad Museum som no overtek drifta. Dette er det andre fotballmuseet i landet. Det andre ligg på Ullevål.