– Rolv Lorentz Muri er ein gløymd kulturskatt frå Olden som bør løftast fram for komande generasjonar, seier Henriksen.

Han har difor gått i gang med eit prosjekt som skal munne ut i ei bok om kunstnaren frå Olden, ført i pennen av Ove Eide og med fotografi av Oddleiv Apneseth.

Skriv: Forfattar og lektor Ove Eide skriv boka om Rolv Muri.

Stryn kommune har tidlegare støtta prosjektet med 20.000 kr, og no søkjer Henriksen om finansiering frå fleire kjelder for å få prosjektet i hamn.

Meir olden: Arve Henriksen, jazzmusikar og komponist, har tidlegare arbeidd med eit Elling Vanberg-prosjekt. No vert det meir Olden, denne gongen med Rolv L. Muri i fokus.

I tillegg til boka vil det også kome ut ein CD med nykomponert musikk som vil stå til eit utval av Muri sine måleri.

Rolv L. Muri er rekna som ein av dei fremste kunstnarane innan moderne norsk kunst. I 1977 vart han ein av dei første som vart tildelt Statens garantiinntekt for kunstnarar, og Nasjonalmuseet/Museet for samtidskunst eig tre av bileta hans.

Muri var fødd på Gjøvik, men busette seg på morsgarden i Olden.