Stoppa varebil som var 700 kilo for tung

Denne varebilen var 700 kg for tung, og måtte laste av før han kan køyre vidare  

Nyhende

Ein varebil var 700 kilo for tung, og sjåføren måtte laste av før han fekk køyre vidare.

Dette var eitt av resultata då Statens vegvesen gjennomførte kontroll av hovudsakleg tungtransport søndag 8. oktober.

Totalt fekk fem av 24 kontrollerte køyretøy bruksforbod eller avskilting.

- Eitt vogntog hadde ikkje underkøyringshinder i følgje krava, og måtte sette av ein bakmontert truck før han kunne køyre vidare.

- Fire køyretøy fekk bruksforbud på grunn av gjenstandar i frontruta og siktsona. Dette måtte fjernast før dei kunne køyre vidare.

- To fekk skriftelege åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletida, rapporterer Statens vegvesen.