Biblioteka finn nye vegar til å nå lesaren

Nyhende

Sogn og Fjordane fylkesbibliotek presenterer og delar erfaringar frå prosjektet «Lesarhistoria – ny veg til lesaren» i Oslo 9. november.

Dei siste tre åra har Fylkesbiblioteket samarbeidd med Høgskulen i Oslo og Akershus og fem kommunar i Sogn og Fjordane om dette prosjektet.

Dei har sett på korleis det er mogleg å utvikle formidlingspraksisar med utgangspunkt i lesarhistoriene til barn og unge. Målet har vore å auke kunnskapen om korleis bibliotek, skular og barnehagar kan samarbeide for å skreddarsy formidlinga til den einskilde.

Prosjektet vert avslutta no i år, og i samband med det skal det presenterast på Høgskulen i Oslo og Akershus på eit seminar som er ope for alle.