Bruksforbod og brot på kviletida

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I ein tungtransportkontroll utført av Statens vegvesen ved Kjøs bru måndag fekk tre køyretøy bruksforbod på grunn av gjenstandar i frontrute/siktsone. Gjenstandane måtte fjernast før dei kunne køyre vidare.

To sjåførar fekk skriftlege advarslar for mindre brot på køyre- og kviletida, og ein sjåfør vart pålagd døgnkvil på staden for brot på køyre- og kviletida.

I alt vart 16 køyretøy kontrollerte.