Fleire gebyr i kontroll ved Kjøs bru

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

I ein tungtransportkontroll ved Kjøs bru måndag ettermiddag skreiv Statens vegvesen ut eitt gebyr for manglande vognkort, eitt gebyr for manglande førarkort og eitt gebyr for utslitt dekk.

Eitt køyretøy hadde sprekk i frontrute, og eit køyretøy hadde skade på dekk. Ein førar fekk advarsel for brot på køyre- og kviletida.

I alt 20 køyretøy vart kontrollerte.