Køyrde utan kort i fartsskrivaren

Illustrasjonsbilde.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

29 køyretøy vart kontrollerte då Statens vegvesen hadde kontroll ved Kjøs bru tysdag.

To sjåførar vart melde for brot på køyre- og kviletida. Den eine av sjåførane hadde køyrt utan kort i fartsskrivaren for å lage seg pausar i køyringa, den andre hadde for korte vekekvil.

Ein sjåfør fekk skriftleg advarsel for brot på køyre- og kviletida, og to fekk bruksforbod for gjenstandar i siktsone/frontrute.