Jan Åge Fjørtoft:

- Stor respekt for Mads Wie!

Mads Wie har fått mange lovord for straffa han brende i med vilje i kampen mot Skavøypoll.  

Nyhende

Mads Wie sin straffebom mot Skavøypoll, der han sette straffen utanfor med vilje, blir hylla på nett. - Stor respekt for Stryns Mads Wie, skriv Jan Åge Fjørtoft på Twitter.

– Eit fantastisk symbol på fair play, seier Fjørtoft til Fjordingen.

– Dette er ein situasjon du nesten aldri ser. Innan fair play-segmentet ser du mykje bra, men dette var sjeldan. Alle drøymer om å sjå at nokon gjer noko slikt, eller drøymer om å gjere det sjølv. Men situasjonen er unik. Svært sjeldan å sjå. Og eg føl rimeleg godt med på både nasjonal og internasjonal fotball! seier Fjørtoft, som legg til at han også likar at motstandar Skavøypoll tek initiativ til å hylle Wie.

– Det fortener han absolutt!