Vanskeleg sesongstart

Ubeleileg skade Per-Egil Flo har slite med skade i sesongstarten.   Foto: Martin Maly

Nyhende

Det har vore ein vanskeleg sesongstart for Per-Egil Flo i den tsjekkiske klubben Slavia Praha.

Flo kom til Slavia ved årsskiftet, og han spelte seg til fast plass på laget som etter kvart også vart seriemeister i vår, for første gong på mange år.

Skade

Sesongstarten har derimot ikkje vore optimal for Flo.

– Eg vart skada mot slutten av sesongoppkøyringa, og eg har fått lite speletid. Eg må berre bite tennene saman og gjenerobre plassen på laget, seier Flo til Fjordingen.

Med fem sigrar og fire uavgjorte kampar så langt ligg Slavia på tredjeplass og er allereie åtte poeng bak serieleiar Viktoria Plzen, som står med ni strake sigrar i sesonginnleiinga.