Lesarinnlegg:

- Stryn set seg opp mot lokaldemokratiet

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel  Foto: Roy Aron Myklebust

At bygder, byar, fylker og landet som heilheit har dette som tradisjon bør vi alle være stolte av

Nyhende

Det er oppsiktsvekkjande å lese i Fjordingen at både administrasjonen og politikarane i Stryn ynskjer å legge meir vekt på viltforvaltning, trafikknutepunkt og strategisk overordna planlegging enn omsynet til innbyggjarane i Kjøs. I saksutgreiinga til rådmannen i Stryn er det peika på at det for innbyggjarane i Kjøs vil bli lenger til kommunale tenestetilbod om grensa skulle bli flytta, men i framlegg til vedtak er dette ignorert og dermed heller ikkje lagt noko vekt på.