Loen Skylift vart årets gründer

Årets gründer Loen Skylift er tildelt prisen Årets gründer i Sogn og Fjordane. Eivind Grov tok imot prisen.  Foto: Privat

Nyhende

Loen Skylift er kåra til Årets Gründer 2017 i Sogn og Fjordane og får med seg 100.000 kroner.

- Pendelbana i Loen har sidan oppstarten i mai hatt rundt 85.000 besøkande, noko som er 30.000 fleire enn budsjettert. Bana er ei av dei brattaste i verda og du kan reise frå fjord til fjell på fem minutt, opp til Hoven 1011 moh. Juryen har lete seg imponere over fylkets nye turistattraksjon i verdsklasse, og at prosjektet med hotelldirektør Richard Grov i spissen klarte reise over 140 millionar i eigenkapital til prosjektet, går det fram av ei pressemelding.

Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Framtidsfylket.

Prisen blei i dag delt ut under Temposeminaret i Florø. Til stades for å ta i mot prisen var Eivind Grov, som var direktør på Hotel Alexandra frå 1965 til 1996.

– Det er svært gledeleg å få denne prisen. Ideen om Loen Skylift blei forsterka då Via Ferrata opna i 2011, og det å få denne tittlen, viser at arbeidet blir sett pris på, seier Eivind Grov.

– Dette er ei flott familiebedrift som har drive hotelldrift i generasjonar. Dei ser moglegheiter der andre ser avgrensingar, og klarer å gi turistane det dei vil ha, nemleg opplevingar, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Prisen vert delt ut etter faglege kriterier, der ein fagjury har ansvaret for det endelege resultatet. Samtidig får publikum mulegheit til å stemme fram sin favoritt, og resultatet frå avstemminga vert vektlagt i juryen si vurdering. I år kom det inn om lag 5.200 stemmer, står det vidare i pressemeldinga.

Dei fire andre finalistane gjekk heller ikkje tomhendt heim frå kåringa. Sogn Aqua, Sødermann Rådgivning, Hydrowave og Seaweed fekk alle med seg ein sjekk på 25.000 kroner.