Kvinne dømd etter trafikkulukke

Ei kvinne frå Stryn kommune er dømd til 21 dagar betinga fengsel etter ei trafikkulukke som førte til at passasjeren hennar døydde.

Dom: Kvinna vart dømd til fengsel i 21 dagar på vilkår etter ei ulukke der passasjeren hennar mista livet.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ulukka skjedde på fv 60 mellom Olden og Innvik i fjor sommar. Kvinna kom over i motsett køyrefelt og ut av vegbana slik at bilen velta. Både førar og den eldre passasjeren vart skadde. Passasjeren døydde ti dagar etter ulukka. Bilføraren forklarte i retten at bilen ho køyrde var ukjend, og at uhellet kan ha skjedd fordi ho vart oppmerksam i samband med giring. Ho innrømte straffskuld og har bidrege til tilståingsdom.