I sommar hadde Fjordingen ein reportasje om dei ulukkesutsette tunnelane ved Staveneset og Tyvaneset. Låg takhøgde i kombinasjon med krapp sving, stor fart og dårleg sikt bidreg til at tunnelane framstår som trafikkfeller.

– Nedprioritert

Hans Petter Galtung er ein av dei som dagleg køyrer strekninga Olden-Stryn og kunne i reportasjen fortelje om sjølvopplevde situasjonar som kunne enda katastrofalt. Møte med lastebilar som er godt over i motsett køyrefelt, på grunn av takhøgda, er nærast kvardags-kost.

Galtung meinte trafikktrygging av mindre vegar vert nedprioritert.

– Politikarane gir meir til store prestisjeprosjekt, i staden for å trygge fleire mindre vegar, uttalte Galtung til Fjordingen.

Også politiet etterlyste tiltak.

– Fartsgrensa bør senkast, og fareskilting og kvitmåling bør kome på plass snarast. Stavenes-tunnelen bør utvidast både i høgde og breidde, sa Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.

Restriktiv bruk av skilta

I midten av juli, eit par veker etter at reportasjen stod på trykk, vedtok Statens vegvesen at fire nye skilt skulle opp ved fylkesveg 60, før og etter Tyvanestunnelen mellom Olden og Loen, og før og etter Stavenestunnelen mellom Stryn og Loen. I begge retningar skulle det skiltast for farleg sving og anbefalt fartsgrense 60 kilometer i timen.

No er skilta komne opp begge stader, det skjedde for eit par veker sidan. Susanne Stølheim Aasen, sakshandsamar ved Plan og forvaltningsavdelinga til Statens Vegvesen, har tru på at skiltinga skal ha effekt.

– Bruken av slike skilt er veldig restriktiv. Dei blir ikkje sett opp kor som helst så eg trur folk vil respektere dei, seier Aasen. Ho fortel at erfaringa med mykje brukt fareskilt er at trafikanten fort kan oversjå dei. Liknande skilt finn ein også ved Lotetunnelen.

Kvitmåling av tunnelveggane og eventuelt andre tiltak vil nok derimot late vente på seg.

– Kvitmåling av tunnelveggane ligg inne i neste driftskontrakt, men det vil nok tidlegast kunne skje i 2020, seier Aasen. Ho kjenner heller ikkje til at det er planar per i dag om å utvide tunnelane, verken i høgda eller breidda.