Stryn vinterski besøkte formannskapet onsdag og orienterte litt om planane for dei komande fire åra.

Planar Styreleiar i Stryn Vinterski Anders Aarnes orienterte formannskapet om planane framover. Foto: Roger Oldeide

Tilgangen til Steindalsheisen er tenkt i form av stolheisar, eller veg. Det er og planar om juniorheis ved anlegget.

Stryn vinterski viste fram eit reknestykke i planen der Stryn kommune sin andel årlege andel utgjer fire millionar pr. år, inkludert kr 500.000 i driftstilskot. Det vart peika på ein viktig og god

sesongstart

for det lokale anlegget i år.

Lenger sesong Tilgang til Steindalsheisen vil gi lenger sesong for Stryn vinterski. Tilgang er tenkt med stolheis eller veg. Foto: Stryn Vinterski

Sonja Øvre-Flo spurde om korleis Stryn Vinterski såg for seg eit samarbeid med andre krefter i området som til dømes Turløyper Stryn og Hydla AS. Aarneas var tydeleg på at eit samarbeid slett ikkje var utenkjeleg.

Formannskapet signaliserte noko om storleiken på den kommunale støtta for den næraste framtida.

– Budsjettet er ikkje klart, men pr. i dag har kommunen maksimalt ein pott på kr 850.000 som skal dekkje alle anlegg. Forventningane til støtte må ligge deretter, opplyste Sonja Øvre-Flo (H)

Otto Vik i Hydla AS seier til Fjordingen at han absolutt ser for seg eit samarbeid med både kommunen, Stryn Vinterski og Turløyper Stryn.

- Ja, utan tvil. Eg meiner at det må til ei felles satsing for alle i dette området med eit felles driftsselskap med heilårsdrift. Klatrepark i Hydla er eit ledd i dette, seier Vik.

Les også: Opnar nytt hyttefelt i Stryn