Miljødirektoratet har invitert kommunane til å søke om deltaking i forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing. Bakgrunnen er at Stortinget har vedtatt at det skal gjennomførast forsøk med kommunale beltebilløyper for catskiing i inntil seks kommuner i seks år.

Stryn Sommarski har over lengre tid markert forventning om å kunne delta i forsøksordninga når den ville kome. Det same gjeld Vangen Aktivitetssenter. Rådmannen stiller seg imidlertid inn mot Stryn Sommarski.

Stryn kommune er klar på at Stryn Sommarski tilfredstiller alle krav og kriterier som må innfris til forsøksordinga. Stryn formannskap skal handtere søknaden onsdag.

Rådmannen skriv at aktuelle beltebilløyper vil få startpunkt ved enden av eksistrande skiheis før løypene går inn på eit breplatå som tidlegare var tilgjengeleg via eit no nedlagt skitrekk. Løypene er tenkt å gå opp på tre toppunkt som er godt eigna for catskiing i ein mykje lengre periode enn det som er tilgjengeleg i dag.

Tråkkemaskin Tråkkemaskiner (Catski) vil kunne fungere som transportmiddel for skikøyrarar om Stryn får innvilga søknaden. Her illustrert av Turløyper Stryn si tråkkemaskin. Foto: Roger Oldeide

Mykje talar for ein slik aktivitet i dette området. I saksframlegget vert det poengtert at løypene i sin heilskap ligg utanfor nasjonalt villreinområde og nesten all friluftslivaktivitet på Tystigbreen har utgangspunkt i sommarskisenteret.

Senteret ligg dessutan i eit høgalpint område dekka av bre, blankskurt fjell og ur. Det er heller ikkje kartlagt raudlisteartar eller andre sjeldne artar og naturtyper i området.

- Beltebilbruk vil i liten grad vere til plage for dei som ferdast på breen, poengterar rådmannen.

- Stryn sommarskisenter har gjennom mange år kjempa for å overleve, både på grunn av svært kort skisesong og på grunn av at ein ikkje har fått teke i bruk dei meir snøsikre delene av breplatået. Dette breplatået nådde dei tidlegare ved hjelp av eit skitrekk som no er nedlagt, går det fram av saksframlegget.

Rådmannen legg vekt på at Stryn sommarski er svært godt førebudd på å teste ut beltebilløyper og verdien av utprøvinga vil ha veldig stor betydning for både anlegget og for servicefunksjonane i alpinmiljøet i Oppstryn.

Rådmannen tilrår difor at Stryn kommune søker Miljødirektoratet om deltaking i forsøk med beltebilløyper for catskiing i Stryn Sommarskisenter på Tystigen.

Catskiing betyr transport av skikøyrarar med bruk av beltevogn/tråkkemaskin til fjelltoppar. Bruk er regulert av motorferdsellova, og transport til bruk av fornøyelse har pr. definisjon vore ulovleg. Det er lov å tråkke løyper, men ikkje lov å ha med passasjerar.