No kjem suksessframsyninga til Olden, Hornindal og Oppstryn

På lokalet: Idun Losnegård t.h. og «Skal vi danse»-Christer Tornell kjem for å besøkje nye ungdomshus, no står Aldaheim, Dølheim og Oppstryn grendahus for tur.  Foto: SOFT

Nyhende


«Skal vi danse»-Christer kjem tilbake til Nordfjord, no til Aldaheim, Dølheim og Oppstryn Grendahus!

2016 turnerte Sogn og Fjordane Teater med danseteateret «På lokalet» rundt omkring på ungdomshus i heile fylket.

– Ingen såg for seg kor omsverma teateret skulle bli. Det var lange køar og trengsel i døra. Publikum blei stabla i høgda, men dessverre måtte fleire gå slukøyra derifrå, fortel informasjons- og marknadssjef Lene Grande ved SOFT.

Det var rett og slett ikkje plass. Sogn og Fjordane Teater sette opp ekstraframsyningar og la til spelestader, men til slutt var det inga bøn. Siste klinedans tona ut.

70-talet: Fram med slengbuksene! Begge foto: SOFT  Foto: Bent Are Iversen

Draumetur tilbake til ungdomsåra

No er det klart for ønskereprise.

– Denne gongen går turen til dei som blei «vegpryd» i første runde. «På lokalet» kjem til Aldaheim i Olden 6. mars, Dølheim i Hornindal 7. mars og til Oppstryn grendahus 8. mars! fortel Grande.

Dette er draumeturen tilbake til ungdomsåra for dei som vaks opp med dans på lokalet – og ei lita tidsreise for dei som er for unge til å ha opplevd det.

I døra blir du møtt av skodespelar og songar Idun Losnegård i rolla som dama med nøklane. Du veit, ho som låser opp og igjen dører og syter for at alt går riktig for seg. Ho tek vare på deg og alle og huset og heile framsyninga. Ho moppar og kjeftar, og innimellom tek ho seg ein blås. Det er òg Idun som bind heile framsyninga saman med songar ein kjenner så godt – «Fru Johnsen», «Wonderful tonight» og «The winner takes it all».

Frå etterkrigstida til 80-talet

Og så reiser publikum i tid, og blir med på dans med hæla i taket og full stæsj. Etterkrigstida med leggevatn og hårrullar, 50-talet med boogiewoogie og store underskjørt, 60-talet med gabardinbukser og heimespøta kofter, 70-talet med slengbukser og rysjeskjorter og 80-talet med sine store hår, pastellfargar og skulderputer.

Stykket er skrive av Arne Fagerholt (som også har regi og koreografi) etter ein idé av Bodil Kvamme.

På scena møter publikum Idun Losnegård, Anne Guri Tvedt, Christer Tornell, Erlend Auestad Danielsen, Joakim Thrane, Vilde Viktoria Madsen og Åse Marie Eide Rannestad.

Vi tippar fleire av dei som såg stykket i første runde, nyttar høvet til å få med seg ønskereprisa. Ikkje minst for å prøve å få med seg gevinsten frå åresalet!