«Bjarne vil ikke på film» med verdspremiere i helga

Skeptisk: Bjarne Sunde ville eigentleg ikkje filmast, men Weronika Nitsch ville det annleis. Her eit foto henta frå filmen.  Foto: Weronika Nitsch

Nyhende

Under nærkulturfestivalen Gulroten i Oldedalen i fjor sommar, vart det vist ein film som skapte stor begeistring blant publikum. Filmen handla om oldedølen Bjarne Sunde, og skaparen var tidlegare nabo Weronika Nitsch frå Polen. Ei ung kvinne som grunna sommarjobb enda opp mellom høge fjell og vart buande fleire år. Etter kvart har ho studert film og journalistikk i Volda og Cardiff.

«Bjarne vil ikke på film» handlar om venskap mellom to menneske og viser at folk frå ulike land, i ulik alder og med annleis livserfaring kan bli nære vener.

Laurdag kveld skal filmen på nytt visast fram, no i ei litt redigert utgåve, fargekorrigert og med musikk av Alexander Vollevik Larsen. Verdspremieren finn stad i Stryn kulturhus og her blir det sjølvsagt raud løpar.

– Eg håpar på ein utruleg fin og uforgløymeleg kveld. Bjarne er så unik og sjarmerande, ekte og endå til lokal skodespelar, så eg håpar at mange tek seg ein tur på kino, seier Nitsch.

Traileren for filmen, som blei lagt ut på Facebook, fekk i løpet av kort tid 200.000 visningar.

– Vi er veldig glade for at kinoen i Stryn viste interesse for filmen, seier Nitsch, og håpar fleire kinoar vil kome på bana etter kvart. Den er óg sendt til fleire festivalar.

– Vi drøymer om å vise den på BIFF-festivalen i Bergen, seier filmskaparen.