Junior-NM langrenn

Hengte seg på vinnaren -gjekk på ein smell

Simon Hjelmeset Kirkeeide tok ein sjans på 15 km klassisk under NM, men klarte ikkje fullføre hardkjøret i ryggen på vinnaren.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL er ein løpar med innstillinga "bære eller briste" langt framme i pannebrasken. I dag brista det litt då juniorane innleia NM-helga med 15 km klassisk.

Halvvegs i løpet låg han inne blant topp-ti, og med medalje innan rekkevidde. Men den siste halvdelen av løpet vart tung. Blytung.

- Det vart ein smell, ja. Han som vann starta 30 sekund bak og var storfavoritt, og eg hang på han i 7-8 km. Eg gjekk for medalje, men han vart nok eit par nummer for stor i dag, seier Hjelmeset Kirkeeide, som enda opp vel tre minutt bak vinnaren Andreas Kirkeng frå ROS IL.

- Då eg først fekk det så kom det skikkeleg óg, men eg bestemte meg at det fekk bære eller briste, og heller gå ned med flagget til topps, seier den offensive markaneløparen.

Han ser allereie fram mot laurdagens 10 km i fri teknikk.

- Det er i morgon eg skal vise dei, det blir min dag!