Hovudlandsrennet i skiskyting

Medalje til Nordfjord

Lasse Flo Bødal slo til med bronsemedalje i dagens normaldistanse i hovudlandsrennet. 

Nyhende

16 åringane har gjort unna sitt første løp i Hovudlandsrennet i skiskyting i Brummunddal, og resultatlistene viser at Nordfjord sit att med bronsemedalje og fleire gode plasseringar.

Stårheimsløparen Lasse Flo Bødal trakka skikkeleg til, og sikra bornsemedalje i gutar 16-år. Bødal, som har mor frå Stryn, slapp med berre ein bom, eller halvt minutt i tilleggstid, og var 31 sekund bak vinnaren Emil Hage Streitlien frå Folldal IL.

Ein av førehandsfavorittane i klassen gutar 16 år, Oskar Guddal Breivik frå Markane IL, skaut dessverre på seg litt for mange bom i dagens normaldistanse. Med tre bom vart han nummer 12.

Også Gunn Kristi Tvinnereim frå Hardbagg IL imponerte i dagens konkurranse og sikra ein finfin 5.plass i jenter 16 år. Ho hadde tre bom og var 42 sekund frå bronsemedaljen og 1.11 minutt bak vinnaren Hanne K. Johansen frå Bossmo & Ytteren.

I ettermiddag går jenter og gutar 15 år, og her har Markane IL blant anna Lasse Flo Bødal sitt søskenbarn, Emilie Flo Stavik, som kandidat til topplassering.