2. div. handball: Skjebnehelg for Stryn

Ventar tøffe tak: Anders Eikenæs (t.v.), Oddbjørn Håvik (bak) og Nicolas Bakkebø treng poeng i Bergen denne helga.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Eg forventar tøffe oppgjer mot Bergen Vest og Kjøkkelvik, seier Stryn sin trenar, Oli Sveinsson.

Med braktapet borte mot Bergsøy for ei og ei halv veke sidan friskt i minne er det eit strynelag på poengjakt som tek turen til Bergen. Og poeng er Sveinsson sine disiplar nesten nøydd til å få med seg tilbake til Stryn om laget skal ha håp om å overleve i 2. divisjon. Laurdag er tabelljumbo Bergen Vest motstandar, eit lag som berre har fått med seg to poeng til no. Eitt av dei fekk dei i Strynehallen tidleg i sesongen. Søndag er middelhavsfarar Kjøkkelvik, som Stryn slo 36–29 i haust, motstandar.

Med eitt poeng opp til sikker plass, og med to kampar til gode på Falk Horten 2 som ligg på rett side av nedrykkstreken, er dette for ei skjebnehelg å rekne for Stryn sitt mannskap.

Sesonginnspurten

Stryn, som har 10 poeng, møter desse laga i sesonginnspurten: Bergen Vest (b), Kjøkkelvik (b), Ski (h) og Kolbotn (h).

Falk Horten 2 har 11 poeng og berre to kampar att: Bergen Vest (h) og Kjøkkelvik (h). Bergen HK med 14 poeng skal heller ikkje kjenne seg for trygge.

Også damelaget tek turen til Bergen i helga. Laurdag står Kjøkkelvik for tur medan Fyllingen 2 er motstandar søndag. Damene ligg på femteplass etter 13 spelte kampar.