Blir tilskodar i Lahti

Anders Fannemel fekk det ikkje til å stemme i bakken i Lathi og må sjå både lag- og individuell konkurranse frå tilskodarplass.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Det ville seg ikkje for Anders Fannemel i kvalifiseringa til det individuelle hopprennet i Lahti. Han hoppa 104,5 meter, noko som var 30 meter kortare enn bestemann Kamil Stoch.

Resultatet heldt berre til ein 53. plass og det betyr at rennet går utan honndølen. Også lagkonkurransen i dag, laurdag, skjer utan Fannemel.

Men framleis ventar to høgdepunkt i sesongen; RAW-air, som startar neste helg, og den avsluttande skiflyginga i Planica "palmehelga", 23.-25. mars. Vi satsar på at flygaren Fannemel er tilbake i godt slag då!