Situasjonen kritisk

Førar redda opp av vatnet av privatperson

Traktoren gjekk gjennom isen like ved land, inst inne i Oldevatnet.   Foto: Jogeir Agjeld

  Foto: Jogeir Agjeld

Luftambulansen vart også tilkalla.   Foto: Jogeir Agjeld

Nyhende

Lensmann Lasse Trosdahl kan stadfeste at ein mann er berga ut av traktoren som gjekk gjennom isen, ved Kvamme inst i Oldevatnet, litt før kl 14.30 laurdag ettermiddag. Mannen skal i følgje politiet vere i 40-åra.

- Det var ein privatperson som berga han på land, så han har gjort ein veldig god jobb, seier Trosdahl. Mannen var åleine i traktoren då ulukka hende.

Føraren av traktoren er lokal, og er no flydd til Haukeland sjukehus. Situasjonen er kritisk og det skal i følgje politiet pågå livredning i luftambulansen.