Junior-NM langrenn

Frå kjempesmell til superløp

Simon Hjelmeset Kirkeeide slo til med eit kjempeløp på 10 km fri i junior-NM laurdag.  Foto: (arkiv) Markane IL

Nyhende

Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane IL, visste kva han snakka om då han etter klassiskløpet i junior-NM i går sa at "Det er i morgon eg skal vise dei, det blir min dag". Med bronsemedalje på 10 km skøyting laurdag tok han verkeleg revansje, etter å ha gått på ein kjempesmell halvvegs i fredagens løp og enda som nummer 21. 

Hjelmeset Kirkeeide var 28 sekund bak vinnaren Iver Tildheim Andersen frå Rustad, og berre 13 sekund frå sølvmedaljen.

- Fytti, ditta var deilig, er den umiddelbare reaksjonen frå langrennstalentet frå Stryn og Markane IL.

I går fekk han svi skikkeleg for å henge på vinnaren Andreas Kirkeng. I dag klarte aldri klassisk-vinnaren, som starta 45 sekund bak, å ta att Kirkeeide, og han vart i staden gått i frå med nesten 20 sekund av markaneløparen.

- Planen var å halde litt igjen i starten og auke på utover i løpet, og det klarte eg vel til ein viss grad. Så var det sjølvsagt tungt, men vart ein del adrenalin mot slutten så eg merka ikkje så mykje til smertene då, ler Kirkeeide.

- Det var utruleg deilig med klaff i dag, strålar bronsevinnaren.