Hovudlandsrennet i skiskyting

Skaut seg vekk frå tetkampen

Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL, stod for ein av dei beste lokale prestasjonane med sin 16. plass. Også ho pådrog seg litt for mange strafferundar på sprinten til å kunne hevde seg heilt i toppen.   Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Ingen av dei lokale løparane i hovudlandsrennet i skiskyting klarte å hevde seg heilt i toppen i laurdagens sprint. Prestasjonane på standplass må ta mykje av skulda for det.

Gårsdagens "komet", Tord Sølvberg frå Hardbagg IL, pådrog seg heile åtte strafferundar på dei ti skota og var sjanselaus i det tøffe selskapet. Han vart i dag nummer 73 i 15-årsklassa, nesten tre og eit halvt minutt bak vinnaren. Sondre Roset , Hardbagg IL, vart her nummer 96.

Jentene best

Igjen var det 15-årsjentene Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik som hevda seg best. Og igjen følgde dei kvarandre tett. I dag vart det 12. plass på Kirkeeide og 13. plass på Flo Stavik. Kirkeeide skaut tre bom medan Stavik fekk fem strafferundar. Dei var høvesvis 1.13 og 1.14 bak vinnaren. Hedda Garlid Hilde, Markane IL, skaut bra og vart nummer 30 med sine to strafferundar.

Trass fem bom vart det også eit bra resultat på Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL. Ho var nummer 16 i jenter 16 år. I denne klassen synte Oselie Henden at ho kan meir enn å synge fint. Eidajenta som vann MGP-junior i fjor trakka til med ein flott 12. plass etter berre to bomskot.

Flo Bødal med god skyting

Fjorårsvinnar av sprinten under hovudlandsrennet, Oskar Guddal Breivik (16 år) frå Markane IL, fekk det heller ikkje i dag til på standplass og pådrog seg seks strafferundar. Trass god fart i sporet måtte han sjå seg slått med over to minutt og gjekk inn til ein 41. plass.

Her var det gårsdagens bronsevinnar, Lasse Flo Bødal frå Stårheim IL, som igjen vart best frå Nordfjord med ein fin 12. plass. Han var saman med Hilde og Henden også den som stod for best skyting av våre lokale, og slapp med to bom.