Framleis kritisk for mann i 40-åra

Mannen vart henta opp av ein privatperson og seinare frakta til sjukehus med luftambulanse.  Foto: Jogeir Agjeld

Nyhende

Då Fjordingen var i kontakt med politiet seint laurdag kveld var situasjonen framleis kritisk for mannen som gjekk gjennom isen med traktor i Oldevatnet ved laurdag ettermiddag.

I følgje NRK Sogn og Fjordane var denne situasjonen uendra søndag føremiddag.

Mannen i 40 åra vart henta opp av vatnet av ein privatperson og seinare frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus.