Handball:

Gjorde første del av jobben laurdag

Både handballherrane og damene kunne smile etter sigrar i kampane laurdag. I dag ventar tøffare motstand. 

Nyhende

Stryn sine seniorlag i handball gjorde jobben i Bergen laurdag. Først ut var damene som slo Kjøkkelvik 24-21. Særleg 1.omgang var god, med solid forsvarsspel og godt angrepsspel.

Herrane hadde kniven på strupen i kampen mot Bergen Vest, og heimelaget heldt godt følge med Stryn. Utover i 2.omgang rykte Stryn i frå, og særleg Lovro Kresic var toneangivande i 33-22 sigeren.

Stryn klatra med sigeren over nedrykksstreken. Søndag er motstanden hakket hardare for begge laga. Damelaget møter Fyllingen 2 som ligg på tredjeplass, medan herrane møter Kjøkkelvik.