Meir strynejubel i Bergen

Stryneherrane kunne juble også i dag. Mot Kjøkkelvik vart det eitmålssiger.  Foto: Stryn Handball

Damelaget returnerer også med to sigrar. I dag slo dei førehandsfavoritt Fyllingen. 

Nyhende

Det vart full pott på både herre- og damelaget i handball, då dei også i dag gjekk sigrande ut av seriekampane i Bergen.

Damene sette Fyllingen på plass med 33-30 i ein kamp heimelaget var favorittar. Forsvarsspelet sat godt, særleg før pause. Stryn leia også 15-12 før kvilen. Ivana Kresic var umuleg å stoppe for heimelaget, og Stryn sin kroat sette inn heile 15 mål. Stryn er no likt med Fyllingen, begge med 18 poeng.

Herrane spelte mot Kjøkkelvik i det som vart ein real thriller. Kjøkkelvik var 13-10 i front ved halv tid, men Stryn gav seg ikkje og tok kommandoen i 2.omgang. Ein utvisningsbonanza av dei sjeldne midt i 2. omgang der begge lag var sterkt redusert sette fyr på kampen, men då Oddbjørn Håvik redda siste skotet frå Kjøkkelvik stod jubelen i taket blant stryningane. 24-23 og siger betyr viktige poeng med tanke på å halde plassen i 2.divisjon.

Dermed fire sigrar av fire mulege for Stryn sine lag denne helga.