Oskar bidrog til stafettbronse

Bronselaget: Oskar Guddal Breivik (t.v.) gjekk ein strålande sisteetappe og sikra bronsemedalje til Sogn og Fjordane på stafetten i hovudlandsrennet. Her saman med lagkameratane Lasse Flo Bødal, Magnus Skeide Bakke og Bendik Vereide.   Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Også gutar 15-16 år klarte å sikre seg medalje i dagens stafett under hovudlandsrennet i skiskyting. Ankeretappen vart gått av markaneløparen Oskar Guddal Breivik.

Sogn og Fjordane låg ei stund kring to minutt etter teten, men særleg fredagens bronsevinnar frå Stårheim IL, Lasse Flo Bødal, gjekk ein gnistrande etappe og kunne sende Guddal Breivik ut 1.16 bak tet og med medaljar innan skotvidde.

16-åringen frå Stryn gjekk godt og leverte i tillegg ei god første skyting, og knappa kraftig inn på forspranget til leiande Buskerud. Ved siste skyting var dei fire laga Buskerud, Nord-Østerdal, Oppland og Sogn og Fjordane i praksis likt inn.

Dessverre vart den siste serien noko meir uryddig frå Guddal Breivik, men sjølv etter eit besøk i strafferunden gjekk han ut som fjerdemann, berre eit lite halvminutt etter leiande Buskerud og Nord-Østerdal, og tett i rygg på Oppland og bronseplass.

Langrennssterke Guddal Breivik var aldri truga på oppløpet i kampen om bronsemedaljen, og fekk med den ein flott revansje for litt tunge dagar i dei individuelle løpa i Brummunddal. Han gjekk i mål berre 17 sekund bak vinnar Nord-Østerdal.

I tillegg til Breivik og Bødal gjekk Bendik Vereide og Magnus Skeide Bakke på laget.

Sogn og Fjordane stilte også lag i klassen gutar 15 år. Her vart det ein fin 10. plass blant dei 17 laga. Patrick Isene, Hallvard Engeset Woldsund, Tord Sølvberg og Sondre Roset gjekk på laget. Dei var 7.47 minutt bak vinnaren Oslo og Akershus 1. lag.