Sølvmedalje til Maren, Gunn Kristi og Emilie

Sølvjenter: Gunn Kristi Tvinnereim, Maren Hjelmeset Kirkeeide og Emilie Flo Stavik kunne juble for sølv på stafetten i hovudlandsrennet.  Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Det vart ein svært spennande stafett under hovudlandsrennet i skiskyting søndag. I klassen jenter 15-16 år vart det spurtoppgjer mellom Sogn og Fjordane og Rogaland om gullet.

Emilie Flo Stavik gjekk ut som tredjemann på den siste etappen etter at Maren Hjelmeset Kirkeeide og Gunn Kristi Tvinnereim hadde lagt eit godt grunnlag på sine etappar. Ho gjekk eit kjempeløp og avanserte til sølvplass, 20 sekund bak Rogaland, ut frå siste skyting.

Med eit fantomlangrenn var Flo Stavik i ryggen på Rogaland og Herborg Idland på veg inn på stadion. Dessverre vart  Idland eit lite knepp for sterk på oppløpet, men ein sølvmedalje er nesten meir enn ein kunne håpe for våre lokale jenter. Vi gratulerer dei dyktige jentene!

Også 2. laget gjekk ein svært god stafett og sikra premieplass som 7. lag i mål. På dette laget gjekk Hedda Garlid Hilde, Ingrid Heggen og Turi Lise Totland.