Transportselskap fekk målprisen

Administrerande direktør i Firda Billag, Peter Midthun, tek imot målprisen frå leiar i Sogn og Fjordane Mållag, Hallstein Dvergsdal.  Foto: Jorunn Sandvik

Nyhende

På årsmøtet til Sogn og Fjordane Mållag i Sogndal laurdag, vart årets målpris tildelt Firda Billag.

I følgje ei pressemelding har transportselskapet, som vart starta i 1920, hatt nynorsk som administrasjonsspråk sidan dei frå mållagshald vart oppfordra til å trykkje ruteheftet sitt på nynorsk i 1934.

I dag er Firda Billag ein stor og viktig aktør på person- og godstransport og der språk er ein del av identiteten. Både morselskap og alle dotterselskap nyttar nynorsk i alt skriftleg materiale, både på papir og nett, kjem det fram av pressemeldinga frå mållaget. 

 – Dette er eg oppriktig glad for, sa direktør Peter Midthun, då han tok mot prisen frå mållaget. Han sa vidare det er eit ufråvikeleg krav at det som kjem ut frå billaget av skriftleg materiale, skal vere på nynorsk.