Bilførar meldte seg etter kollisjon i Hornindal

Nyhende

Politiet etterlyste måndag morgon vitne etter ein kollisjon i kysset E39/fv 60 i Hornindal søndag ettermiddag.

- Den eine involverte bilen skal ha køyrd frå staden utan å gje relevante opplysningar til den andre parten, opplyser politiet i Stryn og Hornindal.

Kollisjonen skal ha skjedd ved 15-tida då ein bil som kom frå fv 60 køyrde ut på E39 og heldt fram retning Grodås. Politiet meiner bilen må ha hatt skader i fronten.

Bileigar tok sjølv kontakt med politiet måndag føremiddag.

- Alt tyder på at det har vore ein misforståing mellom partane, opplyser politiet. Partane har no teke kontakt med kvarandre for å skrive skademelding.