Frøholm sigra på Fylkeskappleiken

Britt Pernille Frøholm gjekk til topps i A-klassen på Fylkeskappleiken for sitt hardingfelespel. Her frå opptreden i Nedrebergstunet i samband med Kulturnatta i fjor. 

Nyhende

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal spelemannslag tok sigeren i A-klassen for fele/hardingfele under Fylkeskappleiken i helga. Ho nådde 83 poeng. Dagfrid Vallestad Brevik frå Gaular Spelemannslag fekk 81 poeng og Hallgrim Skjerdal frå Sogn spel- og dansarlag fekk 76 poeng. Øyvind Brabant frå Nes spel- og dansarlag fekk 84 poeng, men stilte i gjesteklassen.

Klassesigrar til Fjelljom

Åsmund Farstad, Spelemannslaget Fjelljom, vann fele/hardingfele C-klasse med 53 poeng. Dette med vanleg fele. Han tok også tredjeplassen med sitt hardingfele-spel. Her nådde han 50 poeng.

I lagspel bygdedans senior fekk Spelemannslaget Fjelljom ein andreplass. Dei fekk 78 poeng medan vinnaren Team GløsTøs fekk 80 poeng.

Og i lagspel runddans vart det siger til Spelemannslaget Fjelljom med 77 poeng, og Hornindal spelemannslag på andreplass med 72 poeng.

Dans

I lagdans bygdedans junior vann Spelemannslaget Fjelljom med eitt poeng føre Gaular spelemannslag. I seniorklassen vart det tredjeplass til Fjelljom.

I pardans bygdedans C-klasse vann Ingunn Bergset og Leif-Inge Jevnlid frå Spelemannslaget Fjelljom. Dei vann med 47 poeng, medan Rebecka Sollid og Runar Tøfte Heimlid, også dei Fjelljom, kom på andreplass med 45 poeng.