Namnet på den omkomne er frigitt

43 år gamle Stefan Mate døydde som følgje av at han køyrde gjennom isen med traktor laurdag.  Foto: Jogeir Agjeld

Nyhende

Det var Stefan Mate (43) som døydde på Haukeland universitetssjukehus søndag etter å ha gått gjennom isen med traktor på Oldevatnet laurdag 3. mars.

Det opplyser Vest politidistrikt. Namnet er frigitt i samråd med familien til avdøde.

Vidare undersøking og etterforsking etter ulukka skjer frå Stryn og Hornindal lensmanskontor.