Nedgangen i arbeidsløysa fortset

Talet på personar som er registrerte som heilt ledige, gjekk ned med 500 i februar, ifølgje sesongjusterte tal frå Nav. 

Frå 3,1 prosent Til 2,5 prosent arbeidsledige av arbeidsstyrken på eitt år.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Arbeidsløysa har dermed gått ned frå 3,1 prosent av arbeidsstyrken til 2,5 prosent frå februar i fjor til februar i år.

Ved utgangen av februar var det registrert 69.800 heilt arbeidsledige hos Nav, ein nedgang på 15.000 samanlikna med februar i fjor.

Bruttoarbeidsløysa, som også inkluderer arbeidssøkarar som deltar på tiltak frå Nav, fall med 600 personar frå januar til februar. Til saman var 90.000 personar registrerte som heilt arbeidsledige eller arbeidssøkarar som deltar på tiltak hos Nav.

Det er 16.400 færre enn for eitt år sidan, og svarar til 3,2 prosent av arbeidsstyrken, ned frå 3,8 prosent i fjor.

Nedgangen i arbeidsløysa det siste året må sjåast i samanheng med at talet på nye arbeidssøkarar har falle kraftig, og at talet no har stabilisert seg på eit lågt nivå. I februar var det i gjennomsnitt 800 personar som registrerte seg som nye arbeidssøkarar hos Nav kvar virkedag.

Hausten 2008 var førre gong dette talet på var like lågt.