Stryn til topps i KM futsal

Gullvinnarar G15: Bak fra venstre: Trenar Per Ole Tenden, Jens Kleppe, Trym Vatn Øvreberg, Trym Hogrenning, Lukas Leirgulen og trenar Trond Leirgulen. Framme fra venstre: Anders Hole, Erik Paulsen, Sander Tenden og John Erlend Bø.  Foto: Stig Høynes

Gullvinnarar G19: Bak frå venstre: trenar Geir Inge Rake, Stian Olsbø, Johan Ytreeide, Jens August Guddal Muri, Johannes Garlid Tenden, Jan Åge Langeset og trenar Asbjørn Tenden.Framme frå venstre: Rasmus Tjellaug, Sondre Erdal, Jozef Tuzar, Håvard Kroken, Eirik Sæten og Runar Tvinnereim.  Foto: Stig Høynes

Sølvvinnarar J13: Bak frå venstre: Trenar Jon Terje Tjellaug, Selma Guddal Breivik, Malin Eikenes Tjellaug, Kristine Sætre, Hermine Kjøsnes og Selma S. Veamyr. Framme frå venstre: Iselin Bø, Dorthea T. Nesdal og Sofie Njøten  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Både Stryn sitt gutelag i 15-årsklassen og 19-årsklassen gjekk heilt til topps i KM futsal som vart spela i Trivselshagen på Sandane i helga. Stryn G15 sigra 1-0 over Florø i sin finale, medan G19 spela finale mot heimelaget Sandane, og vann denne 2-1.

I tillegg vart det ein flott andreplass for jenter 13 år, etter knipe 0-1 tap mot Førde 2 i finalen. Gutane i same årsklasse fekk fjerdeplass, etter tap 2-5 i bronsefinalen mot Vik.