Hovudlandsrennet skiskyting

Hedda imponerte på standplass

Hedda Garlid Hilde var godt nøgd etter ein flott førsteetappe på stafetten under Hovudlandsrennet søndag.  Foto: Nordfjord Team

Nyhende

Hedda Garlid Hilde (15) frå Markane IL gjorde eit flott Hovudlandsrenn. Ho fekk ein 16. plass på normaldistansen og gjekk også ein svært god første etappe på 2. laget til Sogn og Fjordane som gjekk inn til 7. plass på stafetten.

Ho gjorde særleg ein god jobb på standplass. På stafetten skaut og to fulle hus og på normaldistansen vart det berre ein bom.

– Stafettetappen var truleg hennar beste løp nokon gong, skryt Margunn Hjelmeset i støtteapparatet.